I
II
III
IV
 
l  a  r  s     l  o  f  t  h  u  s

11.10. - 11.11.2006

"BUT SERIOUSLY" / "MEN SERIØST"

Det tematiske i utstillinga heng saman med korleis Lofthus arbeider i atelieret. Fokuset skiftar fort. Nokre gonger ynskjer han å lage interessante flatar. Seinare vil han ha ei handling, eller noko konkret som tek fokuset bort frå det reint kompositoriske. Dei breie, romlege penselstrøka kan fungere som ein bygge-masse. Den kan brukast til å simulere ein type overflate - eller berre vera modular i konkrete figurar. I dette arbeidet framstår mykje som uavklara, samstundes som maleria prøver å framstå som sjølvsikre utsegn. Lofthus tykkjer det er noko ærleg og interessant i å rope høgt, uansett om ein kommuniserer noko konkret eller ikkje. Alvor og drama møter det meinings- og bekymringslause. Lofthus er student ved Kunsthøgskulen i Bergen, avdeling Kunstakademiet og studerer i haust på Det Kongelige Danske Kunstakademi i København.

> MER
I
II
III
IV
I
II
III
IV
I
II
III
IV

Til Galleri By The Ways startside